Det Jamie såg
Jamie vaknar ei natt av barnegråt og ser stefaren, Van, kaste lillesøstra, som ofte er uroleg og gret, tvers gjennom rommet mot veggen. Det kunne gått riktig gale, men mora greier å gripe ungen i siste augneblinken. Same natta plasserer mora barna i bilen, pakkar saman nokre av sakene deira og kjører vekk. Først til Earl, ein av moras gamle skulevener, seinare til Earls campingvogn som ligg øyde til, men som no blir omgjort til ny heim for den vesle familien. Både Jamie og mora har vanskar med å setje ord på det som har hendt. Angsten for Van ligg som ein mørk skugge mellom dei. Men då han endeleg dukkar opp skjønar Jamie at han ikkje treng vere redd meir. Den store sterke mannen har forandra seg og forlet dei som ein nedbroten og stakkarsleg figur. Historia får difor ein lukkeleg slutt: Tryggleiken er gjenoppretta og livet kan gå vidare. Det ømtolige temaet gjer dette til ei sterk og kjenslevar bok. Forteljarstemma er vaksen og beskriv hendingane fråutsida, men perspektivet er lagt tett opptil Jamies oppleving av tilværet. Teksten er velskreven og språket flyt godt i den norske omsetjinga. Samlaget, 1997. 77 s.